Månadens hund i mars

Lòa

Namn: Skogarkot`s Lòa Snorradottir

Født: 09. mars 2017

Mor: Skogarkot`s Orka

Far: Snorri, fra Danmark

Oppdrettar: Tut Jessen, Kennel Skogarkot, Oppdal

Eigar: Ingvild Bolstad Grøna, Lia

 

 

Dette skriv Ingvild om hunden sin: Lòa er ein snill og familiekjær hund. Ho likar seg best saman med familien sin, og ho er glad i barn. Loa er glad i å gå tur, bade i elva, leik og kos. Lòa likar og å leike med andre hundar. Er litt rampete som 1 åringar flest, men er generelt veldig roleg.

Har ein del lyd, noko som vi må jobbe litt med Vinker 

Vi fekk tak i Lòa fyrst og fremst som familiehund og turvenn. Men eg håpar og på å kunne trene litt allsidig med henne, som f.eks agility og rallylydighet. Ho er den perfekte familiehund <3Hjerte

 

Grunnen til islandsk fårehund: Vi fekk tak i islandshunden Frøya i 2004. Ho døydde i januar 2017. Og da fann vi ut at vi måtte ha hun att (sjølv om vi eigentleg ikkje skulle det) Da var valet av rase lett! Men at vi valde islandsk fårehund fyrste gongen var meir tilfeldig. Vi las om rasa i eit blad og syntes rasa høyrdes så spennande ut at vi måtte prøve Kul

Islandsk fårehund

Historikk:

Med den islandske fårehunden er det ei direkte linje til den nordiske sagatid. Islandsk fårehund stammer fra dei skandinaviske spisshundane som vikingane tok med seg til Island på 800-tallet. Her utvikla den seg på samme måten som islandshesten med spesielle krav til karakter, bruksverdi, nøysomhet og sunnheit.

 

Islandshundens oppgåver har vært å vere ein gårdshund som kunne jage rovfuglar unna buskapen, halde buskapen unna gardsplassen og varsle bonden når det kom framande til gards. Den var også med på sauesanking saman med bonden for å varsle om sau og for å drive flokkane attende til garden.

 

Det skulle ein engelskmann til for å opne islendinganes auge for kva skatt dei hadde i si eiga nasjonale rase. Det var ein engelsk formuende aristokrat ved namn Mark Watson som ved sine besøk på Island i 1930-årene byrja å registrere dei rasetypiske eksemplarene han fann på gardane. Han gjorde ein verdifull innsats for rasen ved å inspirere islendingene til et organisert oppdrett og stambokføring av hundane. Dei fekk sin eigen rasestandard i 1956.

 

Eigenskapar: 

 

Førsteinntrykket av ein islandsk fårehund, er ein smilande, glad og vennleg hund. Den helsar gjerne på alle og elskar å bli klappa. Rasen er veldig sosial, og ein utprega familiehund som er meget hengiven ovenfor alle. Som rase passar den best i ein aktiv familie, som kan gje den nok mosjon og oppgåver. Den er lærevillig og egnar seg godt til f.eks agility. Den vil neppe trives særlig godt som innehund.

 

Islandshunden er en gards- og gjetarhund som har mange forskjellige arbeidsoppgåver. Den hjelper til med å finne, samle og drive sauene til eller frå beitet/fjellet. Islandshunden gjeter like gjerne hester og storfe som sauer, og gjetingen tilpasses det dyreslag som gjetes. Den brukar kropp og stemme for å få dyrene til å bevege seg, og nappar dei i hasene om det trengs sterkare verkemidler. Terrenget på Island er ofte ulendt, så arbeidet krever en robust, smidig, sterk og uthaldande hund. Den skal kunne arbeide sjølvstendig utan signal frå gjetar.

 

Størrelse/Utseende:

Gjetarhund av nordisk spisshundtype, litt under middels stor med opprettståande øyre og ringlet hale. Glad, vennleg og intelligent uttrykk, tillitsfullt og livleg vesen. To hårlagsvariantar: Lang og kort, begge tjukke og meget værbestandige. Mankehøyde hannhundar: Ideal - 46 cm. Tisper: Ideal - 42 cm.

 

Pelsen er dobbel, tjukk og meget værbestandig, og finnes i to hårlagsvarianter. Korthåra: Dekkpelsen middels lang, ganske grov, med tykk og bløt underull. Langhåra: Dekkpelsen lengre enn på den korthårete varianten. Temmeleg grov med tjukk, blaut underull.

 

Helse:

Islandsk fårehund anses som ei svært sunn og frisk rase. Dei oppnår gjerne ein høg alder og er lenge vitale. Ein del hundar har HD, men det er sjeldan ein islandsk fårehund får problemer på grunn av HD, sjølv ved høg alder. AD er lite undersøkt men av dei hundene som røntget er alle fri. Nokre hunder har fått påvist arveleg augesykdom(katarakt, ektopiske cilier/distichiasis). Alle individ som skal gå i avl må ha kjent HD status A,B eller C og bør øyelyses.

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

21.03 | 04:36

Vi tilbyder lån med 2% rente kontakt os for flere detaljer via (adribay0008@gmail.com)

...
21.03 | 01:41

GOD DAG,

Pålideligt lånetilbud gælder nu og få et lån !!! Dette er en mulighed
for dem i økonomiske problemer og dem, mrjohnrobertloanfirm@gmail.com

...
18.03 | 14:25

Vi tilbyder lån med 2% rente kontakt os for flere detaljer via (adribay0008@gmail.com)

...
12.03 | 13:39

Har du brug for personlige, forretnings- eller investeringslån til lav rente og hurtig? send os en mail nu for mere info via: (info.prospect@groupmail.com)

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE