Vi har fått leie dei gamle butikklokalane på Kvam mek til innendørstrening!
-Vi leier frå pr. dags dato og vertfall ut mars, med stor sjanse for april om det er godt oppmøte.
-Det kostar 50,- pr gong du trenar i lokalet. Ynskjer du å nytte lokalane mykje kan du betale 300,- for tilgang ein heil månad (600,- om du vil leie 2 mnd). Dette betalast på vipps eller overføring via nettbank. Vippskode: 133750 og Konto: 2085 64 31445
Merk betalinga med trening og namnet ditt.
-Lokalet har do og vasskokar slik at ein kan ordne kaffe om ein ynskjer.
-Berit sine kurs i Nosework foregår her
-Treningane på tysdagar kl 19.00 vil nå foregå her!